Autosøk
Kvifor velje Luranetunet? logo

Helgestillingar på Luranetunet

Kvifor velje Luranetunet?

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Stillingsbeskrivelse

Helgestillingar på Luranetunet

Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.

Kvifor velje Luranetunet?

  • Vi har ein unik tropehage på 1300 m² – eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
  • Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar – noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
  • Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
  • Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel – vår visjon.

Arbeidstid og stillingsstorleik

  • Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
  • Turnusordningar: annakvar, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
  • Stillingar frå 11 % til 25 %.

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing.
  • Løn etter gjeldande avtalar.
  • Tillegg på årslønn for arbeid på natt.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fokus på heiltidskultur.

Krav

  • Du har helsefagleg utdanning, er under utdanning eller vurderer helsefagleg utdanning.
  • Du må vere fylt 17 år.
  • Du har interesse for å jobbe med menneske.
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Politiattest må leggjast fram.

Ferdigheter

Helsefagleg kompetanseMiljøarbeidKommunikasjonTverrfagleg samarbeidEldreomsorg

Erfaring

entry-level

Lignende jobber