Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiarar/vernepleiarar
Vi har ledige stillingar med arbeid i turnus for engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingssenter.
Kvifor jobbe ved Luranetunet
- Store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse.
- Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar.
- For fast tilsette sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen.
- Gode vilkår for stønad til vidareutdanning.
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre.
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar.
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
- Du må kunne leggje fram politiattest før oppstart.
- Du må vere fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling.
Ferdigheter
SjukepleieVernepleieEldreomsorgTverrfagleg samarbeidRehabiliteringDemensomsorg
Lønn
Garantilønn + 25.000 kr tillegg
Erfaring
mid-level