Autosøk

PP-rådgjevarar

Rettleiingstenestene i Bergensområdet, Vestland fylkeskommune

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Stillingsbeskrivelse

PP-rådgjevarar

Rettleiingstenestene i Bergensområdet (kontorstad i Åsane, sentrum og Nesttun) har ledig 3 faste stillingar i 100% frå 1. september 2026.

Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdomar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunane, NAV og andre aktuelle instansar.

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe skular på systemnivå ved å bidra til kompetanse- og organisasjonsutvikling for å betre opplæringa til elevane.
  • Gje spesialpedagogiske og pedagogiske råd til skulen.
  • Utarbeide sakkunnig vurderingar og sakkunnige uttaler knytt til PPT sitt mandat.
  • Gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar.
  • Arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande skule.
  • Samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar.
  • Gje rettleiing og arrangere kurs.

Vi tilbyr

Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Krav

  • Du må ha utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk eller psykologi.
  • Du må ha god kjennskap til og erfaring frå opplæring, særleg på vidaregåande nivå.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Det er krav om politiattest før tilsetjing.

Ferdigheter

SpesialpedagogikkPsykologiPPT-arbeidKartlegging og utgreiingRettleiingTverrfagleg samarbeid

Erfaring

mid-level

Lignende jobber