Autosøk
Om oss logo

Kjøkkenassistent. Heltid 100%.

Om oss

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Kjøkkenassistent

Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.

Som kjøkkenassistent hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke kunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar.

Arbeidsoppgåver

  • Utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel
  • Reinhald, oppvask og rydding
  • Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer inn under kjøkkendrift

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Krav

  • Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel med erfaring frå institusjonskjøkken.
  • Du må ha kjennskap til IK-mat.
  • Du må vere serviceinnstilt og imøtekommande.
  • Du må ha god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Du må vere strukturert, nøyaktig og fleksibel i eit hektisk miljø.

Ferdigheter

MatproduksjonIK-matReinhaldLogistikkSamarbeidsevnerServiceinnstilling

Erfaring

entry-level

Lignende jobber