Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kokk med fagbrev
Vil du lage mat som betyr noko – kvar einaste dag? Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kokk hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke fagkunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar, der kvalitet, smak og ernæring står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkost
- Tilrettelegging og oppveging av råvarer
- Drift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyr
- Pakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar
- Andre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til
Vi tilbyr
- Ein trygg, stabil og meiningsfull arbeidsplass
- Eit triveleg miljø i ein stor og fagleg sterk kjøkkenorganisasjon
- Moglegheit til å bidra i eit viktig arbeid der mat er ein del av behandlinga
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Du må ha fagbrev som kokk.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha grunnleggande datakunnskap.
- Du må ha kjennskap til IK-mat og HMS.
- Du må kunne jobbe effektivt, planmessig og tåle fysisk arbeid.
Ferdigheter
StorkjøkkendriftMatproduksjonIK-matHMS-forståingTeamarbeidFleksibilitet
Erfaring
mid-level