Kjøkkenassistent til 100% fast stilling
Drift-/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kjøkkenassistent til 100% fast stilling
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kjøkkenassistent hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke kunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar.
Arbeidsoppgåver
- Utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer inn under kjøkkendrift
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Krav
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel.
- Du må ha kjennskap til IK-mat.
- Du må vere serviceinnstilt og imøtekommande.
- Du må ha god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du må vere strukturert, nøyaktig og fleksibel for å kunne arbeide i eit hektisk miljø.
Ferdigheter
MatproduksjonIK-matReinhaldLogistikkforståingTeamarbeidServiceinnstilling
Erfaring
entry-level