Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om sjukeheimen
Sjukeheimen har 52 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 44 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar. Dementavdelinga er rehabilitert og har velferdsteknologi knytt til alle rom. Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, servicemedarbeidarar, lege og musikkterapeut, som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø.
Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse!
Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha ei individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utførelse av tiltak. Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ei heilhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar.
Arbeidsoppgåver:
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Miljøarbeid
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
- Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
- Administrasjon – tiltaksplaner, prosedyrer, rapportering m.m.
Krav
- Du må vere autorisert sjukepleiar.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper.
- Du må vere løysingsorientert, initiativrik og evne å planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver.
- Du må vere strukturert, nøye og effektiv i arbeidet ditt.
Ferdigheter
Lønn
Sjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Erfaring
mid-level