Stilling i Rus- og psykisk helseteneste
Psykisk helse, Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Stilling i Rus- og psykisk helseteneste
Vestre Slidre kommune har ei ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027). Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt.
- Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge.
- Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar.
- Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen.
- Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt.
- Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar.
- Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter.
- Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya.
Krav
- Du må ha 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning som sosionom, vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant kompetanse.
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan rus og psykisk helse.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er sterkt ønskt.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Ferdigheter
Klinisk kartlegging og vurderingBehandlingsplanleggingTverrfagleg samarbeidPsykisk helsearbeidRusoppfølgingDokumentasjon og journalføringKommunikasjonSjølvstendig arbeid
Erfaring
mid-level