Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Fagarbeidar Frøyen skule
Kalvåg oppvekst / Frøyen skule har ledig eit inntil 80% vikariat som barne- og ungdomsarbeider.
Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motivasjon, inkludering og samarbeid med heimane.
Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste.
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet.
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid.
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling.
- Bremanger kommune har fleire gode ordningar for tilsette, inkludert rekrutteringstilskot og bustadtilskot.
Krav
- Du må ha godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk.
- Du må vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse.
- Du må ha eit genuint ønskje om å jobbe med barn og kunnskap om deira utvikling.
- Du må vere sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert.
Ferdigheter
Barne- og ungdomsarbeidRelasjonskompetansePALS-modellenKommunikasjonSamarbeidsevnerPedagogisk forståing
Erfaring
junior
