Autosøk
Best Western Lægreid Hotell logo

100 % vikariat – Resepsjonist / Servitør

Best Western Lægreid Hotell

allmenningen 3, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

100 % vikariat – Resepsjonist / Servitør

Vil du bli ein del av teamet vårt? Me søkjer no etter ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit 100 % vikariat i samband med at ein av våre tilsette skal ut i fødselspermisjon. Stillinga er kombinert mellom resepsjon og restaurant, og inneber arbeid etter skiftordning med dag-, kveld- og helgevakter.

Arbeidsoppgåver

  • Inn- og utsjekk av gjester.
  • Handtering av booking- og kassasystem.
  • Kundeservice i resepsjonen.
  • Servering av frukost, middag og andre måltid.
  • Servering i samband med selskap, arrangement og i bar.

Me tilbyr

  • Eit variert og sosialt arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • Grundig opplæring.
  • Ein spennande kvardag med varierte arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit til å få verdifull erfaring innan hotell- og reiselivsnæringa.

Krav

  • Du må vere utadvendt og ha eit smil på lur.
  • Du må vere serviceinnstilt og setje gjesten i fokus.
  • Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og like å arbeide i eit travelt miljø.
  • Du må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk flytande, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

KundeserviceResepsjonsarbeidServeringBooking- og kassasystemFleksibilitetKommunikasjon

Erfaring

entry-level

Lignende jobber