Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Tannlege
Søkjer etter Tannlege ved Odda tannklinikk. Stillinga er eit vikariat i 100%. Ledig frå 21.9.26 og med varighet til 2.7.27 (truleg med moglegheit for forlenging). Litt ambulering til Lofthus tannklinikk må påreknast.
Tannklinikken var ny i 2025 og ligg midt i Odda sentrum. Det er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 sekretærar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling.
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar.
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling.
- Løn etter avtale (for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-).
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som tannlege.
- Du må beherske norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne framlegge godkjend politiattest.
- Du må ha evne til å samhandle med ulike pasientgrupper og skape gode relasjonar.
- Du må kunne arbeide systematisk, strukturert og planmessig.
Ferdigheter
Klinisk tannbehandlingPasientbehandlingEvidensbasert praksisHMS-arbeidTverrfagleg samarbeidKommunikasjon
Lønn
660.000 NOK (for nyutdanna)
Erfaring
mid-level