Autosøk
Arbeidsoppgåver logo

Driftsteknikar/elektrikar

Arbeidsoppgåver

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Stillingsbeskrivelse

Driftsteknikar/elektrikar

Ønskjer du å bruke kompetansen din i eitt av Noregs største teaterhus – midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Som teknikar ved Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha ansvar for teateret sine VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar og teatertekniske system.

Du blir ein del av eit fagleg sterkt team som bidreg til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt – både framfor og bak scena.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald av ventilasjonsanlegg
  • Feilsøking på elektriske system og reparasjon av maskiner og utstyr
  • Avdekke og rette opp avvik, til dømes mellom SD-anlegget og ventilasjonsanlegget
  • Drift av scenetekniske installasjonar
  • Prosjektarbeid, til dømes gjennomgang av trykkluftsystem eller optimalisering av energibruk

Krav

  • Du må ha fagbrev innan elektrofag eller VVS-teknikk.
  • Du må ha erfaring frå drift, vedlikehald og igangsetting av byggtekniske installasjonar.
  • Du må ha kompetanse i feilsøking i større styringssystem.
  • Du må ha god forståing av tekniske teikningar, skjema og byggeteikningar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

ElektrofagVVS-teknikkFeilsøkingSD-anleggByggteknisk vedlikehaldTeknisk teikningsforståing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber