Autosøk

Førde heimeteneste, eining 3 har ledig helgestilling

Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3

Steinavegen 40, 6800 Førde

Stillingsbeskrivelse

Førde heimeteneste, eining 3 har ledig helgestilling

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Vi tilbyr tverrfagleg oppfølging med støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar og gjeremål. Dette omfattar mellom anna hjelp til personleg hygiene, ernæring, sosial deltaking og meistring av både somatiske og psykiske utfordringar.

Vi har ledig ei fast helgestilling på 28 % som assistent, med arbeidsstad for tida på Vassenden. Arbeidet er organisert i turnus med arbeid kvar fjerde helg. Stillinga inneber langvakter frå fredag morgon til søndag kveld, og vaktene kan ikkje delast opp. Arbeidstida er fredag, laurdag og søndag kl. 08.00–20.30.

Arbeidsoppgåver

  • Gje praktisk bistand, støtte og rettleiing til tenestemottakarar.
  • Legge til rette for meistring, aktivitet og deltaking i kvardagslivet.
  • Følge opp individuelle mål, tiltak og planar.
  • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.
  • Dokumentere tenesteyting og nytte digitale fagsystem.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell i andre sin kvardag.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for fagleg utvikling.
  • Opplæring og rettleiing tilpassa behov.

Krav

  • Du må ha erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort klasse B (manuell gir).
  • Du må kunne legge fram gyldig politiattest av ny dato før tiltreding.
  • Du må ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Ferdigheter

Praktisk bistand og rettleiingDokumentasjon i digitale fagsystemHelse- og omsorgstenestelova kapittel 9Kommunikasjon og samarbeidMotivering og aktiviseringFørarkort klasse B

Erfaring

entry-level

Lignende jobber