Støttekontakt søkjast - med interesse for trening og kampsport
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Støttekontakt søkjast - med interesse for trening og kampsport
Er du aktiv, positiv og glad i trening? Me søkjer ein støttekontakt til ein brukar med stor interesse for MMA, boksing og styrketrening.
Om oppdraget:
Me treng ein støttekontakt som kan vere med på aktivitetar og bidra til meistring, motivasjon og gode opplevingar. Aktuelle aktivitetar kan vere:
- Boksing/MMA-relaterte aktivitetar.
- Styrketrening.
- Sosialt samvær og prat.
Oppdraget er på ca. 3 timar per veke, med fleksibel planlegging.
Kven ser vi etter?
- Gjerne mann i alderen 20–30 år (men ei tøff og motivert dame er òg aktuell).
- Har interesse for trening, gjerne kampsport.
- Er snill, forståingsfull og inkluderande.
- Har godt humør og sans for humor.
- Er påliteleg og kan bygge gode relasjonar.
Vi tilbyr:
- Oppfølging og rettleiing.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Krav
- Du må ha førerkort klasse B.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus før tiltredelse.
- Du bør ha interesse for trening, gjerne kampsport.
- Du må vere påliteleg og evne å bygge gode relasjonar.
Ferdigheter
Trening og kampsport (MMA/boksing)StyrketreningRelasjonsbyggingMotivasjon og meistringKommunikasjon
Erfaring
entry-level