Avdelingsleiar studiespesialisering
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund videregående skole]
Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Avdelingsleiar studiespesialisering
Ålesund vidaregående skole har ledig ei fast stilling som avdelingsleiar innan studiespesialisering. Studiespesialisering er det største utdanningsprogrammet ved skulen, med om lag 550 elevar av totalt 1 300 elevar.
Avdelingsleiaren er ein del av leiinga ved skulen, som består av 13 leiarar. I det daglege vil avdelingsleiaren inngå i eit leiarteam med fire avdelingsleiarar, som har ansvar for studiespesialisering og for fellesfaga ved skulen. Stillinga inneber fagansvar for norsk og per i dag kroppsøving.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle utdanningsprogrammet studiespesialisering i tråd med skulen sine mål og prioriteringar.
- Følgje opp elevane sitt læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring.
- Utvikle gode arbeidsmiljø for tilsette, og utøve god personalforvaltning.
- Utvikle samhandlande og innovative fagmiljø og profesjonsfellesskap.
- Leie og utvikle fagmiljøa i norsk og per i dag kroppsøving.
- Delta aktivt i skulen si strategiske og pedagogiske leiing, utviklingsarbeid og kvalitetsarbeid.
- Medverke i skoleårsplanlegging, ressursforvaltning og dagleg drift av skulen.
- Rekruttere elevar og tilsette.
- Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartnarar.
Krav
- Du må ha høgare relevant utdanning og pedagogisk kompetanse.
- Du må ha leiarerfaring, og gjerne leiarutdanning eller skoleleiarutdanning.
- Du må ha god innsikt i vidaregåande opplæring og utdanningsprogrammet studiespesialisering.
- Du må ha særskild kompetanse i norskfaget.
- Du må vere digitalt framoverlent.
Ferdigheter
Pedagogisk leiingPersonalforvaltningStrategisk planleggingEndringsleiingKommunikasjonSamarbeidsevnerNorskfaglig kompetanse
Erfaring
mid-level