Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Eplemøllar og tapperiarbeidar
Vi søker etter ein produksjonsarbeidar som skal tørke pressmasse frå eplemostproduksjon og kverne han til mjøl. Ferdigproduktet blir brukt i bakverk til å binde væske og gi eplearoma. Idéen er at vi brukar heile eplet: mosten, fruktkjøtet, skalet og alt saman.
Arbeidsoppgaver
Du får ansvar for produksjon av eplemjøl i fruktsesongen. Arbeidsstaden liknar på ei kornmølle, med tørke, frørensar og kvern, men det er pressa eple som er råvara, ikkje havre og bygg. Etter sesongen er ferdig vil du vere ein del av produksjonsteamet på tappelinja.
- Haust og vinter: Drift av tørke-, frørense- og kvernanlegg, pakking av 10 kg sekkar med eplemjøl, samt reingjering av anlegga og enkelt vedlikehald.
- Vår og sommar: Arbeid på tappelinja, samt pakking og lasting av bestillingar ved behov.
Vi tilbyr
Du får vere med på oppstarten til ei ny og innovativ produksjonslinje. Du blir ein del av eit veksande team på 12 personar. Vi tilbyr arbeid med utstyr av topp kvalitet og rettferdig løn i ei stabil bedrift med tariffavtale.
Krav
- Du må vere vand med praktisk arbeid og maskiner.
- Du må ha ei optimistisk innstilling og tolmod til å prøve og feile i ein ny produksjonsprosess.
- Det er ønskelig at du har truckførarbevis.
- Erfaring frå mat- og drikkeindustrien er ein fordel.
- Du må vere innstilt på å etablere deg i Balestrand.
Ferdigheter
Erfaring
junior
