Autosøk
Moglegheit for områdeleiaransvar logo

Bedriftssjukepleiar

Moglegheit for områdeleiaransvar

Eitrheimsvegen 52, 5750 Odda

Stillingsbeskrivelse

Bedriftssjukepleiar

Bedriftshelse1 søkjer ein engasjert bedriftssjukepleiar som trivst med ansvar, kundekontakt og faglege utfordringar. Området er prega av spennande industriverksemder, entreprenørar og eit mangfaldig næringsliv, og du får ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet hos kundane våre.

Moglegheit for områdeleiaransvar

For rett kandidat kan stillinga kombinerast med områdeleiaransvar. Rollen omfattar oppfølging av medarbeidarar, fagleg koordinering og bidrag til vidare utvikling av tenestene våre i området. Ansvar og omfang vil bli tilpassa kandidaten sin erfaring og interesse.

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand
  • Psykososialt arbeidsmiljø
  • Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråværsarbeid og utviklingsarbeid
  • Kartlegging av arbeidsmiljø og arbeidsmiljøundersøkingar
  • Undervisning innan førstehjelp og anna opplæring på individ- og gruppenivå
  • Yrkesvaksinasjonar
  • Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving
  • Rådgjeving og bistand innan HMS og internkontroll
  • Delta i tverrfaglege kundeteam og fagteam for bedriftssjukepleiarar

Vi tilbyr:

  • Høg grad av fagleg autonomi, tillit og sjølvstende
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidskvardag utan turnus-, natt- og helgearbeid
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Krav

  • Du må vere autorisert sjukepleiar.
  • Du må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil ved behov.
  • Du må ha gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.
  • Du må vere strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Ferdigheter

BedriftshelsetenesteHMS-rådgjevingPsykososialt arbeidsmiljøHelseundersøkingarRelasjonsbyggingFørstehjelpsopplæringLeiarstøtte

Erfaring

mid-level

Lignende jobber