Autosøk

Lærlingar - open utlysing

Ål kommune Ål kommune

Torget 1, 3570 Ål

Stillingsbeskrivelse

Lærlingar - open utlysing

Som lærling i Ål kommune får du gode moglegheiter for fast jobb etter enda læretid. Du får ein dyktig rettleiar som følgjer deg opp gjennom lærlingløpet ditt på to år, og du tener pengar allereie medan du tek utdanning. Du vil følgje utdanningsløp som er sett opp av fylkeskommunen, og bli følgd opp av OK Viken, som er opplæringskontoret for offentleg sektor i Buskerud.

Ål kommune tek inn lærlingar i desse faga:

  • Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
  • Aktivitørfaget
  • Helsefagarbeidarfaget
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du planleggje og gjennomføre pedagogiske opplegg for barn og unge i alderen 0–18 år. Du vil jobbe med barn og unge både enkeltvis og i små og større grupper, og du skal kunne tilpasse opplegga etter ulike aldersgrupper, funksjonsnivå og livssituasjonar.

Helsefagarbeidar

Ein helsefagarbeidar utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for dei som treng bistand.

Krav

  • Du må ha bestått tverrfagleg eksamen på VG1 og VG2.
  • Som lærling i helse- og oppvekstfag må du ha gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege.
  • Du må ha gyldig politiattest.
  • Du må vere engasjert, initiativrik og ha eit sterkt ønskje om å lære.
  • Du må vere strukturert, nøyaktig, serviceinnstilt og pliktoppfyllande.

Ferdigheter

Pedagogisk planleggingPraktisk pleie og omsorgMiljøarbeidKommunikasjonSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikk

Erfaring

entry-level

Lignende jobber