Fagarbeidar på Restaurant og matfag
Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs [borgund]
Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du vere med og forme framtidas fagfolk innan restaurant- og matfag?
Restaurant- og matbransjen i Ålesund og på Sunnmøre er i sterk utvikling. Ved Borgund vidaregåande skole utdannar vi ungdommane som skal møte dette behovet – og no ser vi etter ein engasjert fagarbeidar som vil vere med på laget.
Hos oss får du bruke fagkompetansen og erfaringa di til å skape meistring, motivasjon og yrkesstoltheit hos elevane. Gjennom praktisk arbeid på kjøkkenet, samarbeid med lokalt arbeidsliv og opplæring på skulen skal vi saman førebu elevane på læretid, fagbrev og eit framtidig yrkesliv.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av elevar.
- Bistå faglærarar.
- Andre faglege oppgåver på kjøkken, verkstad og i klasserom.
Krav
- Du må ha relevant fagbrev innan restaurant- og matfag.
- Du må ha relevant erfaring frå bransjen.
- Du må ha generelt god IT-kompetanse.
- Du må trivast med å jobbe med ungdom.
- Du må kunne levere godkjend politiattest.
Ferdigheter
Matfaglig kompetanseRettleiing av elevarKjøkkendriftSamarbeidsevnerIT-kompetanseRelasjonsbygging
Erfaring
mid-level