Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Stipendiat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen. Det er ønskjeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026, men seinare oppstart er også mogleg.
Om prosjektet
Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4-årig (2025-2029) forskingsprosjekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst.
Om stillinga
Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar.
Ansvars- og arbeidsområde
- Gjennomføre eige ph.d.-prosjekt innanfor ei tidsramme på 3 år.
- Delta i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI.
- Delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps.
- Samarbeide med seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre studentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar og konferansepresentasjonar.
Krav
- Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde.
- Kandidaten skal leie ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk.
- Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode.
- Søkjar må kvalifisere for opptak til ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL.
- Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav.
Ferdigheter
Erfaring
junior