Autosøk

Rådgjevar

Movia Utvikling As

Langelandsåsen 23, 6770 Nordfjordeid

Stillingsbeskrivelse

Rådgjevar

Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar.

Om jobben

Som rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid. Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv.

Arbeidsoppgåver:

  • Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv
  • Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter
  • Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv
  • Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar
  • Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar

Vi tilbyr:

  • Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb
  • Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Krav

  • Du må ha relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå.
  • Du bør ha erfaring frå liknande arbeid eller kunnskap om arbeidsinkludering.
  • Du må ha god menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial.
  • Du må ha evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar for deltakarar.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk.

Ferdigheter

RettleiingKartleggingNettverksbyggingMotiveringSaksbehandlingKommunikasjonArbeidsinkludering

Lønn

Løn etter avtale

Erfaring

mid-level

Lignende jobber