Autosøk
ØyVAR AS logo

Kontrollingeniør vatn og avløp -- mellombels 100 % stilling

ØyVAR AS

Lonavegen 20, 5353 Straume

Stillingsbeskrivelse

Kontrollingeniør vatn og avløp -- mellombels 100 % stilling

Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren. ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrkje utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar.

Vi søkjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar til ei mellombels stilling som kontrollingeniør. Stillinga er 100 % fram til juni 2028 og rapporterer til fagsjef utbygging.

Som kontrollingeniør vil du bidra til å sikre at kvaliteten på nye vass- og avløpsleidningar blir ivareteken på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjevne vedtak. Arbeidet omfattar stadleg kontroll, dokumentasjon og FDV-arbeid i samband med etablering av nye leidningar. Det kan òg vere aktuelt å delta i arbeidet med lekkasjereduksjon på eksisterande leidningsnett i periodar.

Arbeidsoppgåver

  • Kontroll og oppfølging av VA-arbeid, avvikshandtering og sluttbefaringar
  • Dokumentasjon og generell sakshandsaming
  • Arbeid med lekkasjesøking

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
  • Dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer

Krav

  • Minimum bachelorgrad i byggingeniørfag med studieretning innan prosjekt- og byggeleiing, teknisk samfunnsplanlegging eller tilsvarande.
  • Førarkort klasse B.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy.
  • Evne til å ta initiativ, vere lærevillig og løysingsorientert.

Ferdigheter

VA-infrastrukturProsjektleiingByggeleiingLekkasjesøkingDokumentasjonAvvikshandteringSakshandsamingDigital kompetanse

Lønn

Løn etter avtale

Erfaring

mid-level

Lignende jobber