Autosøk
Høgskulen på Vestlandet logo

Senioringeniør - IT infrastruktur

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Senioringeniør - IT infrastruktur

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som senioringeniør for IT infrastruktur. System og infrastruktur (ITSI) har ansvar for drift, forvalting og utvikling av HVLs felles digitale infrastruktur.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Som senioringeniør IT infrastruktur vil du vere ein sentral fagressurs innan nettverk, med ansvar for drift, vidareutvikling og sikkerheit. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Planlegging, implementering, drift og sikring av kabla og trådlaust nettverk
  • Feilsøking og feilretting
  • Sikkerheitsarbeid, inkludert handtering av sikkerheitshendingar og oppfølging av trusselbiletet (som del av CSIRT)
  • Utbetring av sårbarheiter og kvalitetsarbeid
  • Teknisk bistand ved anskaffingar og utforming av tekniske krav

Vi tilbyr:

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit stort IKT-miljø

Krav

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet på minst masternivå, eller bachelorutdanning kombinert med omfattande relevant realkompetanse.
  • Solid erfaring med Cisco-nettverksteknologi.
  • Erfaring frå drift av nettverk i større organisasjonar.
  • Erfaring med brukarsikkerheit og administrasjon av Microsoft-produkt som OneDrive og SharePoint.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide systematisk og strukturert.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Ferdigheter

Cisco nettverksteknologiNettverksdriftIT-sikkerheitMicrosoft 365 (OneDrive/SharePoint)Feilsøking og feilrettingAutomasjon og scriptingCSIRT-arbeid

Erfaring

senior

Lignende jobber