Autosøk
Nordea logo

Senior IT Developer

Nordea

Olav Kyrres Gate 22, 5014 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Senior IT Developer

Me søkjer KI-utviklar. Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre?

Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter. Me satsar på utviklingsmiljøet vårt og søkjer no ein dyktig utviklar som kan vera med på å danna gode rammer rundt agentisk utvikling.

Om denne moglegheita

Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Det skal satsast på Noreg, det skal satsast på liv og pensjon, og det skal satsast på å gjera tenestane våre fullintegrerte i banken sine flater. Samstundes er utviklingsfeltet i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy. Me trur dette vil endra måten me skal jobba med utvikling på, og ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.

Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First», og dette er førande når me byggjer nye løysingar eller endrar på dei eldre. Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin. Våre front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX og back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert.

Hjå oss vil du gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som i hovudsak jobbar etter Scrum. I starten vil du ha eit ekstra ansvar for korleis me etablerer kontekst for agentar på tvers av team og system (context engineering). Du vil òg vera ein drivar for å få folk til å ta i bruke nye måtar å jobba på og etablera gode måtar å måla effekten av endringar i arbeidsprosessen på.

Krav

  • Du har relevant høgare utdanning innan IT.
  • Du har erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system.
  • Du har erfaring med smidige utviklingsmetodar.
  • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk/skandinavisk og engelsk.

Ferdigheter

JavaKotlinAngularHTMXREST APIKafkaScrumAgentic AI development

Erfaring

senior

Lignende jobber