Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Pedagogisk leiar i Preg barnehager Vatne
Vi søkjer etter ein pedagogisk leiar i fast 100% stilling.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk ansvar og administrativt ansvar for det pedagogiske innhaldet for barna og leiing av personalet på di avdeling.
- Vere engasjert i den faglige utviklinga i samarbeid med dei andre medarbeidarane.
- Være ein god rollemodell, strukturert og opptatt av å gjere andre gode.
- Vere levande opptatt av barn sin oppvekst og leik i tråd med rammeplan, årsplan og aktuell forskning.
- Skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage med respekt og omtanke for barn og foresatte.
- Vere med på å sette verdifulle spor i barndommen til verdifulle barn.
Vi kan tilby:
- Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsdagar med humor og varme, utfordringar og gleder, samhald, gratis trim og friluftsliv.
- Lønn etter PBL tariff og pensjonsavtale.
Krav
- Du må ha godkjent barnehagelærarutdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må forplikte deg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter og instruksar.
- Du må kunne levere politiattest før oppstart.
Ferdigheter
Pedagogisk leiingPersonalansvarSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikkKommunikasjonsevnerFagleg utvikling
Lønn
Lønn etter PBL tariff
Erfaring
mid-level