Autosøk
ULSTEIN logo

Sales Manager Aftermarket

ULSTEIN

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Stillingsbeskrivelse

Sales Manager Aftermarket

Ulstein Design & Solutions søkjer Sales Manager Aftermarket. Har du interesse for sal, nettverksbygging og maritime løysingar? Vi søkjer ein engasjert Sales Manager Aftermarket som vil vere med å utvikle - samt styrke relasjonane våre med kundar i drift.

Du blir ein sentral del av ettermarknadsteamet vårt – eit miljø der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og løysingsorientert arbeid står i sentrum. Du er ein person som trivst i møte med folk, som likar å sjå moglegheiter og som får energi av å skape gode resultat. Du er nysgjerrig, framoverlent og utadvent. Du har interesse for sal, design, tekniske løysingar og forbetring av arbeidsprosessar.

I rolla som Sales Manager Aftermarket blir du ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø i Ulstein Design & Solutions. Du jobbar tett med både kundar og kollegaer for å finne dei beste løysingane, og sal, tilbod og nettverksbygging er ein naturleg del av kvardagen.

Du får ei sentral rolle i å marknadsføre og selje engineeringtenester knytt til reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar av skip, i tett samarbeid med kundar, leiar for ettermarknad og interne fagmiljø. I tillegg må du rekne med noko prosjektarbeid og bidra aktivt i forbetring av arbeidsprosessar.

Du vil vere ein sentral bidragsytar i å styrke selskapet sin posisjon i marknaden, og rolla gir deg ei unik moglegheit til å jobbe kommersielt i skjeringspunktet mellom sal, teknisk og maritime løysingar.

Krav

  • Du har erfaring med sal og nettverksbygging, gjerne innan maritim sektor.
  • Du har teknisk forståing og interesse for skipsdesign og maritime løysingar.
  • Du er utadvent, framoverlent og trivst med å skape gode relasjonar til kundar.
  • Du har evne til å jobbe strukturert med tilbodsarbeid og prosjekt.
  • Du er løysingsorientert og motivert for å bidra til forbetring av arbeidsprosessar.

Ferdigheter

Sal og forhandlingNettverksbyggingMaritim teknisk forståingProsjektarbeidRelasjonsbyggingProsessforbetring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber