Autosøk
Arbeidsoppgåver logo

Digital marknadsførar (vikariat)

Arbeidsoppgåver

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

Digital marknadsførar (vikariat)

Vår digitale marknadsførar skal ut i barselpermisjon, og vi søkjer difor ein engasjert og kreativ vikar som vil vere med og fortelje historiene om Sognefjorden til verda. Hos oss får du jobbe med internasjonale kampanjar, innhaldsproduksjon, AI, digitale analysar og marknadsføring som faktisk skaper reiselyst.

Om stillinga

Du får ei sentral rolle i å utvikle, gjennomføre og analysere digitale marknadsaktivitetar som skaper reiselyst og gir målbare resultat. Rolla spenner frå strategi og kampanjeplanlegging til innhaldsproduksjon, analyse og optimalisering.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere digitale kampanjar.
  • Produsere og publisere innhald i tekst, bilete og video.
  • Ha ansvar for sosiale medium og bidra med innhald til nettsider.
  • Arbeide med SEO, SEM og marknadsautomatisering.
  • Analysere resultat og optimalisere kampanjar basert på innsikt.
  • Ta i bruk AI for å vidareutvikle marknads- og salsarbeidet.

Krav

  • Du har høgare utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon eller media, eller relevant erfaring som kan kompensere for dette.
  • Du har 3–5 års erfaring frå digital marknadsføring, marknad eller kommunikasjon.
  • Du har dokumentert erfaring med Google Ads, Google Analytics og SEO-verktøy.
  • Du har erfaring med betalt annonsering i sosiale medium og innhaldsproduksjon.
  • Du har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
  • Du har erfaring med å koordinere fleire prosjekt og halde fristar.

Ferdigheter

Digital marknadsføringInnhaldsproduksjonGoogle Ads & AnalyticsSEO/SEMAI-verktøy for marknadsføringCRM-verktøySosiale mediumStrategisk planlegging

Lønn

Løn blir avtalt etter kvalifikasjonar.

Erfaring

mid-level, senior

Lignende jobber