Kanskje er det Ullensvang som har stole hjartet ditt?
Kinsarvik Camping, 5780 Kinsarvik
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kanskje er det Ullensvang som har stole hjartet ditt?
Kvinne på 42 år søkjer personlege assistentar til ein variert og meingsfull kvardag. Eg er ei aktiv kvinne på 42 år med to barn. Eg er avhengig av rullestol og treng nokon som kan vera mine armar og bein, slik at eg kan vera politikar, mamma og skribent og leva det livet eg ynskjer.
Kven ser eg etter?
Eg har ledig ei fast stilling på 100 %, og det er òg behov for fleire assistentar på tilkalling. Det er viktig at assistenten som blir tilsett i fast stilling har moglegheit til å vera med på både turar med og uten overnatting i ny og ne. Arbeidstida vil stort sett vera på dagtid, men noko arbeid på kveld, helg og natt kan førekoma.
Oppgåver
- Køyra bil
- Vera med på jobb og andre reiser
- Husarbeid
- Assistanse i samband med måltid
- Lette løft kan førekoma
- Bistå meg i rolla som mamma
Krav
- Du må ha førarkort for bil.
- Du må vere positiv og punktleg i arbeidet ditt.
- Du må vere komfortabel med huslege oppgåver og ein fleksibel kvardag.
- Du må ikkje vere allergisk mot katt.
- Kvinner vert oppmoda til å søkje grunna arbeidets art.
Ferdigheter
Førarkort klasse BPraktisk anlagtPunktlegheitPositiv innstillingFleksibilitetOmsorgsevne
Erfaring
entry-level