Vil du drifte nokre av Noregs viktigaste bygg?
Lars Hilles gate 20A, 5008 Bergen, Lars Hilles gate 20A, 5008 Bergen, Sogndal
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du drifte nokre av Noregs viktigaste bygg?
Som eigedomsdriftar i Statsbygg får du ansvar for bygningar som betyr noko for samfunnet og framtida. Du vil bidra til drift og vedlikehald av ein veksande eigedomsmasse med stadig meir komplekse bygg. For å møte auka ansvar, fleire eigedommar og eit stadig meir omfattande drifts- og vedlikehaldsarbeid, styrkjer vi no organisasjonen og søkjer nye medarbeidarar innan drift og vedlikehald.
Kva går jobben ut på?
- Overvaking, drift og vedlikehald av tekniske installasjonar og SD-anlegg
- Oppfølging av HMS og internkontrollarbeid
- Dagleg oppfølging av leigetakarar, leverandørar og andre som har interesser i eigedommane
- Bestilling og oppfølging av vedlikehaldstiltak og driftsoppgåver på rammeavtalar og serviceavtalar
- Bidra aktivt til at Statsbygg når mål innan mellom anna miljø, ENØK og digitalisering av eigedomsdrift
- Delta som driftsressunt inn i små og store byggjeprosjekt/ombyggingsprosjekt
Krav
- Du har utdanning på bachelornivå, teknisk fagskule eller fagbrev med relevans for stillinga.
- Du har kompetanse eller praksis som er relevant for drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar.
- Du har høg digital modenheit og gode evner i bruk av relevante digitale verktøy.
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Du har førarkort klasse B (nødvendig for stillinga i Sogn).
Ferdigheter
EigedomsdriftTeknisk vedlikehaldHMS-oppfølgingSD-anleggENØK-optimaliseringDigitalisering av driftProsjektoppfølging
Lønn
550 000 - 820 000 NOK per år (avhengig av stillingskode)
Erfaring
mid-level,