Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Har du lyst til å gjere ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Etne brann og redning søkjer nye deltidsbrannkonstablar/røykdykkarar til Etne brannstasjon og Skånevik brannstasjon. Som deltidsbrannkonstabel blir du ein viktig del av den lokale beredskapen.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utrykking ved brann, trafikkulukker, akutt forureining og andre redningsoppdrag.
- Delta i øvingar og opplæring gjennom året.
- Utføre ettersyn og enkelt vedlikehald av køyretøy og utstyr.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og god beredskap ved brannstasjonen.
Me tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull deltidsstilling.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Grundig opplæring og jamlege øvingar.
- Moglegheit til fagleg utvikling.
- Løn og godtgjersle etter gjeldande avtaleverk.
Krav
- Du må ha fylt 18 år og ha god fysisk og psykisk helse.
- Du må ha bustad eller arbeidsplass nær aktuell brannstasjon for å møte kravd utrykkingstid.
- Du må inneha førarkort klasse B, og vere villig til å ta klasse C ved behov.
- Du må kunne gjennomføre og bestå lovpålagd opplæring og helseundersøking for røykdykkarar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Ferdigheter
BrannvernRedningsarbeidFysisk uthaldSamarbeidsevnerKrishandteringPraktisk anlagt
Erfaring
entry-level