Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat
Ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har vi no ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat i eit år, for engasjerte og framtidsretta LIS 2/3-legar som vil vere med å forme morgondagens bildediagnostikk.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsrotasjon, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege.
- Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon.
- Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan.
- Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadesvakt.
- Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning.
- Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling.
Krav
- Søkaren må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3.
- Søkaren må ha gode kunnskapar i norsk, minimum B2-nivå både munnleg og skriftleg.
- Du må ha god fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert og målretta.
- Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å etablere gode samarbeidsrelasjonar.
- Du må kunne kommunisere tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Ferdigheter
BildediagnostikkRadiologiUltralydMedisinsk diagnostikkSamarbeidsevnerKommunikasjonStrukturert arbeidsmetodikk
Erfaring
junior