Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun og heimeteneste
No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega! Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg.
Om stillingane
Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:
- 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d.
- 100% fast stilling i turnus i heimetenesta frå 01.09.26
Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og heimebuande.
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam.
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet.
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer.
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar.
- Vere med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie.
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Godt fagleg miljø.
- Årsturnus.
- Løn etter tariff.
Krav
- Godkjent hjelpepleier, helsefagarbeidar eller vernepleiar med norsk autorisasjon.
- Førarkort klasse B er påkravd for stilling i heimetenesta.
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri, psykiatri eller rehabilitering.
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level