Autosøk
Mona barnehage, Gloppen kommune logo

Fagarbeidar/tilkallingsvikarar

Mona barnehage, Gloppen kommune

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Stillingsbeskrivelse

Fagarbeidar/tilkallingsvikarar

Vi har ei ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Mona barnehage/Bakkelidgrenda barnehage. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert. Vi treng og tilkallingsvikarar og vikarar for kortare periode.

Om barnehagane

Mona barnehage har seks avdelingar og ligg sentralt på Sandane. Våre satsingsområder er mellom anna språk, friskliv og tidleg innsats. Bakkelidgrenda barnehage er ein liten barnehage lokalisert på Vereide med to avdelingar med fokus på uteaktivitet. Den eller dei som vert tilsett må rekne med å kunne arbeide begge stader i løpet av barnehageåret.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for omsorg, leik og pedagogisk aktivitet med barn i alderen 0-6 år.
  • Deltaking i planlegging, evaluering og gjennomføring av arbeidet på avdeling.
  • Arbeid etter rammeplan for barnehagar, årsplan og den beste praksis som er definert på avdeling.
  • Arbeid sjølvstendig og i team.
  • Medansvar for foreldresamarbeidet.
  • Arbeid etter rutinar som gjeld på den aktuelle avdeling.

Vi tilbyr

  • God oppfølging av nytilsette.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet.
  • Lønn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
  • Pensjonsordning gjennom KLP.

Krav

  • Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller vere assistent med relevant erfaring.
  • Du må meistre norsk godt både skriftleg og munnleg.
  • Du må vere ein tydeleg vaksen som støttar og utfordrar barn til meistring.
  • Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitetar med barna.
  • Du må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Ferdigheter

Pedagogisk arbeidBarneomsorgSamarbeidsevnerNorsk språk (skriftleg og munnleg)Leik og aktiviseringForeldresamarbeid

Erfaring

entry-level

Lignende jobber