Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Reinhaldsoperatør
Vi har no ledig to 1-års vikariat ved avdelinga vår. Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. I avdeling for husøkonomi blir du ein del av ein kultur der det er forskjellane våre som bringar oss vidare. Det er ein inkluderande gjeng frå 14 ulike nasjonalitetar.
Stillingane inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde lørdag.
Kva går jobben ut på?
- Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar.
- Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens.
- Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar.
- Smittereinhald etter angitt prosedyre.
- Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800.
- Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot.
Vi tilbyr
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den tilsette kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid.
- God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag.
Krav
- Du må ha fagbrev i reinhaldsoperatørfaget, eller lang erfaring frå reinhald som kan kompensere for utdanningskravet.
- Du bør ha erfaring med smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar.
- Du må kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800.
- Du må ha grunnleggjande IKT-kompetanse.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
Ferdigheter
SykehusreinhaldNS Insta 800CleanPilotMaskinreinhaldSmittereinhaldVedlikehald av maskinar
Erfaring
junior