Sjukepleiar eller vernepleiar til 50% fast stilling på natt ved Kronstad DPS
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad psykose døgnbehandling, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar eller vernepleiar til 50% fast stilling på natt ved Kronstad DPS
Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 50% fast stilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg.
Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar.
Vi tilbyr mellom anna:
- Kognitiv miljøterapi
- Psykoedukasjon/undervising
- Medikamentell behandling
- Fysisk aktivitet
- Musikkterapi
Som tilsett på natt går du saman med ein annan fagperson. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar som trivast på natt.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til å skape trygge rammer for pasientane
- Observere, kartleggje og dokumentere
- Medikamenthandtering
- Ansvarsvakt
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du bør ha erfaring frå pasientgruppa eller anna relevant erfaring.
- Du må ha gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskeleg med kompetanse innan møte med aggresjonsproblematikk (MAP).
Ferdigheter
Erfaring
mid-level,junior,entry-level,senior,lead,executive,experience: mid-level,job_category: helse-sosial,job_type: part-time,requirements:[