Autosøk
Job ID: 5805 logo

KI - Utviklar

Job ID: 5805

Olav Kyrres Gate 22, 5014 Bergen

Stillingsbeskrivelse

KI - Utviklar

Me søkjer KI-utviklar. Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre? Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter.

Om denne moglegheita

Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Utviklingsfeltet er i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy, og me ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.

Teknologi og arbeidsform

  • Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First».
  • Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin.
  • Front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX.
  • Back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert.
  • Verktøy i bruk inkluderer GitHub Copilot, Cursor og Claude.
  • Du vil gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som jobbar etter Scrum.

Me har ein hybrid arbeidsplass med hovudvekt på å møtast på kontoret i Bergen.

Krav

  • Relevant høgare utdanning innan IT.
  • Erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system.
  • Erfaring med smidige utviklingsmetodar.
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk/skandinavisk og engelsk.

Ferdigheter

JavaKotlinAgentisk utvikling (AI)ScrumAPI-utviklingAngularHTMXKafka

Erfaring

mid-level

Lignende jobber