Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Teknisk inspektør
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi søker no etter nye tekniske inspektørar til vårt team i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eigen fartøyportefølje, inkludert teknisk tilstand og operativ drift.
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald.
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos).
- Tett dialog med skipsfører og mannskap for koordinering av oppgåver.
- Budsjett- og økonomioppfølging.
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap.
- Reiseverksemd i samband med fartøybesøk og verkstadopphald.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem.
Gode grunnar til å velge oss!
Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, gode moglegheiter for fagleg utvikling, samt gode velferdstilbod, forsikringar og pensjonsordningar.
Krav
- Du har høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift.
- Du har kjennskap til skip og maritim drift.
- Du har gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg.
- Du har god kompetanse og er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy.
- Du er strukturert og løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig.
- Du har evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level