Avdelingsleiar 1. -4. trinn Julsundet skole
Nyjordvegen 12 , Aukra, 6480 Aukra
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Avdelingsleiar 1. -4. trinn Julsundet skole
Aukra kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for 1.-4. trinn ved Julsundet skole. Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven, og vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.
Som avdelingsleiar må du sjå verdien av å vere ein del av eit større lag med elevar, føresette og tilsette. Du vil bidra i ei samla og handlekraftig leiargruppe som består av rektor og tre avdelingsleiarar. Om lag 40 % av avdelingsleiarstillinga vil vere undervisning.
Arbeidsoppgåver og forventningar
- Bidra til at dei tilsette blir utfordra og utviklar seg.
- Vere ein del av eit heilskapleg og samla leiarskap.
- Bidra til stabil dagleg drift og god oppfølging av elevar og tilsette.
- Vidareutvikle profesjonsfellesskapet på skolen og skape ein kultur for læring.
- Støtte tilsette og elevar i oppfølging av nasjonale prøver og elevundersøkinga.
- Vere sentral i arbeidet med timeplan og organisering av undervisninga.
- Bidra til og organisere individuelt tilrettelagt opplæring.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn som fagleiar (stillingskode 7954).
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
- Eit godt arbeidsmiljø.
Krav
- Du må ha godkjent undervisningskompetanse og erfaring med arbeid innan utdanningsfeltet.
- Du må vere ein tydeleg, varm og trygg leiar som brenn for utviklingsarbeid i skolen.
- Du må ha evne til å byggje gode relasjonar med tilsette, elevar og føresette.
- Du må vere systematisk, strukturert og ha høge ambisjonar for kvar elev.
- Du må kunne legge fram godkjent politiattest ved tilsetjing.
Ferdigheter
UtdanningsleiingSkoleutviklingRelasjonsbyggingPedagogisk leiingEndringsleiingDigital kompetanse
Erfaring
mid-level