Autosøk
Arbeidsstad logo

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Arbeidsstad

Holen 1, 5200 Os

Stillingsbeskrivelse

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Heimetenester Os har ledig ein fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale.

Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar

Krav

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått Bergenstest.
  • Du må kunne leggja fram politiattest.

Ferdigheter

HelsefagarbeidKlinisk sjukepleieDokumentasjon i ProfilSamarbeidsevnerFleksibilitetLøysingsorientert haldning

Erfaring

mid-level

Lignende jobber