Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om arbeidsstaden
Austevoll legesenter er eit kommunalt drive fastlegekontor i Austevoll kommune på Vestlandet. Legekontoret har til saman sju fastlegeheimlar, LIS1-lege, helsesekretærar, sjukepleiarar og primærhelseteam. Kontoret har gode fasilitetar og tidsriktig utstyr, inkludert ultralyd. Det er eit veldrive legekontor der fastlegane får konsentrere seg om det medisinskfaglege arbeidet, medan andre tek seg av administrasjonen. Vi har eit godt ALIS-program der alle utgifter blir dekte, og det blir gitt løn ved fråvær. Austevoll legesenter ligg ein kort ferjetur frå Bergen, og vi legg til rette for pendling ved behov. Stillinga inkluderer arbeid ved Austevoll legevakt.
Om stillinga
Ein av våre dyktige ALIS-legar skal ha permisjon for institusjonsteneste, og vi har difor eit ledig vikariat. Vikariatet er ledig frå 01. desember 2026 til 10. september 2027. Tidlegare oppstart kan avtalast dersom det er ønskjeleg. Listestorleiken er på 750 pasientar. Eventuelle offentlege legeoppgåver kan avtalast.
Vi tilbyr
- Fastløn i tråd med lokal rammeavtale
- Gode pensjonsordningar
- Gunstig ALIS-avtale med dyktige rettleiarar og god tilrettelegging av utdanningsløpet
- Moglegheit for heimekontor etter avtale
- Eit spennande fagmiljø der vi arbeider tverrfagleg og teambasert med pasientane våre
- God kollegial støtte
Krav
- Du må vere spesialist i allmennmedisin eller ALIS med fullført LIS-1 teneste.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må vere fagleg dyktig og kunnskapsrik.
- Du må ha gode samarbeidsevner og vere ein positiv kollega.
Ferdigheter
Erfaring
junior