Autosøk
Ørsta kommune logo

Tilkallingsvikar i barnehage -  barnehageåret 2026/2027

Ørsta kommune

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Stillingsbeskrivelse

Tilkallingsvikar i barnehage - barnehageåret 2026/2027

Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027 og er ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar.

Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.

Aktuelle barnehagar:

  • Barnas Vel barnehage
  • Dalane barnehage
  • Hovdebygda barnehage
  • Rystene barnehage
  • Sæbø barnehage
  • Vartdal barnehage

Kvalifikasjonar

Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis.

Krav

  • Du må ha høve til å stille opp på kort varsel.
  • Du må vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
  • Du må kunne framvise gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Du må vere stabil og påliteleg i arbeidet.

Ferdigheter

BarnehagearbeidBarnepassFleksibilitetKommunikasjonSamarbeidsevner

Erfaring

entry-level

Lignende jobber