Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Operativ grensekontrollør
Vil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Møre og Romsdal Politidistrikt har ledig to faste stillinger som operativ grensekontrollør ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Systematisk overvaking av luft- og sjøgrensa i Møre og Romsdal.
- Oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy.
- Planleggje og gjennomføre personkontrollar.
- Vere oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar.
- Rettleiing og opplæring av andre grensekontrollørar.
- Vareta andrelinje grensekontroll, under dette opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker.
- Operativ tjeneste og del av totalberedskapen i politidistriktet.
- Jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og utviklande arbeidsplass.
- Fast stilling som politibetjent 1, 2 eller 3 avhengig av kompetanse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
- Tilknyting til bedriftshelsetjeneste.
Krav
- Du må ha fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding.
- Du må ha IP4-godkjenning eller kunne bli godkjent.
- Du må ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk.
- Du må ha god basiskunnskap i IKT.
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet.
Ferdigheter
GrensekontrollOperativ tjenesteEtterretningUtlendingskontrollKommunikasjonSamarbeidsevnerIKT-kompetanse
Lønn
510 000 - 640 000 NOK
Erfaring
junior