Helgestillingar i Heimetenester Rosendal
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Nesvegen 51, 5470 Rosendal
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Helgestillingar i Heimetenester Rosendal
Vi har ledig helgestillingar i Heimetenester Rosendal. Stillingane er på 14,1 % med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.
Stillingen er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter.
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
- Heilskapleg omsorg og pleie.
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
- Dokumentasjon av tenesta vi yt.
- Stell og tilsyn.
- Faste tilsyn hjå heimebuande brukarar.
- Medverka ved utrykkingar og handtering av alarmar, inkludert tryggleiksalarmar.
Krav
- Du må vere trygg og sjølvstendig i faget.
- Du må ha evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
- Du må bidra til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
- Du må trivast med variasjon og kunne handtere uforutsigbare situasjonar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha god IT-kompetanse.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level, junior, mid-level