Autosøk

Kokk / Verksbetjent

Bergen fengsel

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Stillingsbeskrivelse

Kokk / Verksbetjent

Er du ein meister i grytane og i møte med mennesker? Då treng vi deg til vårt oppleringskjøken, kor mat skapar endring.

I Bergen fengsel er det mange arbeidsoppgåvar og aktivitetar som skal gjerast saman med dei innsette. For at vi skal ha eit velfungerande lite samfunn, treng vi ein motivert og engasjert kokk som kan bidra til å oppretthalde produksjonen, kvaliteten og driften på fengselskjøkenet.

Vi søkjer ein fagperson med stolthet for kokkefaget, som ønskjer å dele sin kunnskap og erfaring med andre. Du må like å drive med opplæring og rettleiing – og vere god på å byggje relasjonar. Vi ser etter deg som har både tryggleik, formidlingsevne og evne til å sjå potensialet i mennesker.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga saman med innsette og tilsette.
  • Delta aktivt i matproduksjon saman med dei innsette.
  • Kvalitet- og mattryggleik (IK-mat).
  • Opplæring/oppfølging av innsette, lærlingar, samt tverrfagleg samarbeid med Åsane Vgs på det som krevjast innan RM-fag.
  • Innkjøp.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Krav

  • Du må ha relevant fagbrev som kokk og relevant erfaring.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (B2-nivå).
  • Du må ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.
  • Du må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
  • Du må kunne fremlegge ein uttømmande politiattest utan merknader.

Ferdigheter

MatlagingOpplæring og rettleiingMattryggleik (IK-mat)RelasjonsbyggingKonfliktløysingTryggleikstenkingIKT-kompetanse

Lønn

500 000 - 650 000 NOK per år

Erfaring

mid-level

Lignende jobber