Autosøk

Vi søker etter ny medarbeidar i Førdehuset som

Sunnfjord kommune Idrett og friluftsliv

Sunnfjord

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter ny medarbeidar i Førdehuset

Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon, banemeister og 5 badevakter.

Vi har ansvar for:

  • Utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
  • Offentleg bading
  • Samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
  • Sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
  • Statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt

Vi har ledig 15 % vikariat som badevakt i perioden 15.08.26 - 30.06.27. Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er annakvar helg og mogleg noko kveld.

Arbeidsoppgåver:

  • Svare for tryggleik i symjehallen
  • Vere kjentmann og vert for badegjestane
  • Utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstue
  • Selje billettar og anna

Krav

  • Du må ha gode symjeferdigheiter.
  • Du må bestå livredningsprøve.
  • Du må vere fleksibel, ryddig og ta ansvar.
  • Du må vere serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk.

Ferdigheter

LivredningSymjingServiceinnstillingReinhaldKundebehandlingSamarbeidsevner

Erfaring

entry-level

Lignende jobber