Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du bli ein del av Lingalaks?
Vil du jobba i ei framtidsretta næring der teknisk kompetanse er avgjerande for suksess? Me søkjer ein dyktig, sjølvstendig og løysingsorientert mekanikar som ønskjer å bidra til sikker og effektiv drift av våre anlegg og fartøy.
Viktigaste arbeidsområde:
- Førebyggjande og korrektivt vedlikehald av teknisk utstyr på våre anlegg og fartøy.
- Feilsøking og reparasjon av mekaniske, hydrauliske, og motoriserte system.
- Service og vedlikehald av fartøy, fôringsanlegg og anna driftsutstyr.
- Delta i planlegging av gjennomføring av arbeidsoppgåver og vedlikehaldsprosjekt.
- Bidra til forbetringsarbeid innan drift, HMS og teknisk oppetid.
- Dokumentasjon av utført arbeid i vedlikehaldssystemet.
- Gjennomføre teknisk opplæring av andre tilsette.
Krav
- Du må ha fagbrev som industrimekanikar, landbruksmekanikar, bilmekanikar, maskinist, eller tilsvarande.
- Du må ha erfaring med mekanisk vedlikehald og reparasjonar.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, vera handlekraftig og løysningsorientert.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Ferdigheter
Mekanisk vedlikehaldHydraulikkDieselmotorarFeilsøkingHMSDokumentasjonTeknisk opplæring
Erfaring
mid-level