Autosøk

ID 2468 Avdelingsleiar ved Husahaugen - Eining for habilitering

Stord kommune

Stord

Stillingsbeskrivelse

Avdelingsleiar ved Husahaugen - Eining for habilitering

Husahaugen bustadar er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har 9 bustadar, eigen personalbase og er organisert under Eining for habilitering.

Husahaugen bustadar har visjonen; <<Gode relasjonar skapar trivsel og meistring>>. Overordna mål er å:

  • Skapa ein trygg og omsorgsfull heim
  • Gje god dagleg omsorg og sosial støtte
  • Leggje til rette miljøet for eigenmeistring
  • Bidra til eit godt samarbeid med pårørande

Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.09.26.

Arbeids- og ansvarsområde:

Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.

Avdelingsleiar har ansvar for:

  • Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
  • Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
  • Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
  • Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
  • Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
  • Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
  • Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar

Krav

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ein føremon med leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa.
  • Du må ha kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og relevant lovverk.
  • Du må kunne leggje fram godkjent politiattest av nyare dato.

Ferdigheter

PersonalansvarLeiingTverrfagleg samarbeidTurnusforståingHMS-oppfølgingRessursstyring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber