Autosøk
FINN-kode: logo

Eigedomsmeklar

FINN-kode:

Strandgata 45, 6905 Florø

Stillingsbeskrivelse

EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane hjelper kundar gjennom ei av dei viktigaste avgjerdene i livet. Med lokal kompetanse, lang erfaring og sterke fagmiljø er målet vårt enkelt: å vere den føretrekte eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane.

No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.

Florø-kontoret består av fem tilsette og har sterk lokal forankring. Samtidig har du kollegaer og faglege ressursar i heile EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane. Vi deler kompetanse på tvers av kontora og bruker kvarandre aktivt som sparringspartnarar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Formidle bustader og nybygg i Florø og omegn
  • Gjennomføre synfaringar, verdivurderingar, visingar og bodrundar
  • Følgje opp kundehenvendingar og leads frå eigne og felles kanalar
  • Følgje kundane gjennom heile salsprosessen
  • Samarbeide tett med rådgivarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane
  • Bidra til vidare vekst og synlegheit i marknaden

Kven ser vi etter

Du er autorisert eigedomsmeklar og trivst med å jobbe tett på både kundar og lokalmiljø. Du er oppteken av å levere kvalitet i arbeidet ditt og skape gode kundeopplevingar frå første møte til handelen er gjennomført.

Vi trur du lykkast hos oss dersom du er relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande. Du jobbar strukturert, tek ansvar for eigne resultat og har evne til å skape aktivitet i marknaden. Kjennskap til Florø og Kinn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Kvifor velje oss

Som eigedomsmeklar hos oss får du ein sterk marknadsposisjon i ryggen. EiendomsMegler 1 og SpareBank 1 Sogn og Fjordane er kjende namn i regionen. Det gir deg gode føresetnader for å lukkast og utvikle deg vidare som eigedomsmeklar.

Vi tilbyr provisjonsbasert garantiløn og gode moglegheiter for høg inntening. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærvilkår på banktenester og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.

Krav

  • Du må vere autorisert eigedomsmeklar.
  • Du må vere relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande.
  • Du må kunne jobbe strukturert og ta ansvar for eigne resultat.
  • Du må ha evne til å skape aktivitet i marknaden.
  • Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tilsetjing.

Ferdigheter

EigedomsmeklingSalg og kundehandsamingVerdivurderingBodrundehandteringRelasjonsbyggingMarknadsforståing

Lønn

Provisjonsbasert garantiløn

Erfaring

mid-level

Lignende jobber