Autosøk
Krav logo

Barnevernkonsulent/familierettleiiar

Krav

Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Samnanger barnevernteneste er ei av dei minste barneverntenestene i regionen - men me har store ambisjonar. Me har no ledig ei 100 % fast stilling som barnevernskonsulent/familierettleiar.

Barneverntenesta har tre årsverk og er organisert i eininga Livsmeistring. Som ei lita teneste har me korte beslutningsvegar, tett samarbeid og stor moglegheit til å påverke både fagutvikling og korleis me utviklar tenestene våre.

Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som arbeider for at barn, unge og familiar skal få rett hjelp til rett tid. Me er opptekne av kvalitet, brukarmedverknad og å byggje gode relasjonar med barn, familiar og samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming og oppfølging etter barnevernslova, inkludert undersøkingar, kartleggingar, vurderingar og oppfølging av hjelpetiltak.
  • Tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar, PPT og andre relevante samarbeidspartnarar.
  • Oppfølging av barn og unge i fosterheim og institusjon.
  • Utarbeiding av saksframlegg og representasjon av kommunen i saker for Barnevern- og helsenemnda.
  • Samtalar med barn, ungdom og føresette, familierettleiing og målretta endrings- og tiltaksarbeid.
  • Leiing av rettleiingsgrupper og oppfølging av besøksheimar, fosterheimar og fritidskontaktar.
  • Deltaking i Samnangerhjelpa og kommunen sitt førebyggjande arbeid gjennom tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.

Krav

  • Bachelorgrad i barnevern eller sosialt arbeid.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorutdanning kan vurderast dersom dei har minst eitt års erfaring frå kommunal barnevernteneste eller anna relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
  • Førarkort klasse B og disponering av eigen bil.

Ferdigheter

Sakshandsaming etter barnevernslovaFamilierettleiingTverrfagleg samarbeidEndringsarbeidBarns medverknadDokumentasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber