Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Fast nattstilling for sjukepleiar
Er du ein sjukepleiar som trivst med sjølvstendig arbeid og ønsker å bidra til trygg og god pasientoppfølging gjennom natta? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til fast nattstilling ved vår sengepost.
Vi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege team.
Kva går jobben ut på?
- Kliniske observasjonar og overvaking av pasientar gjennom natta.
- Handtering av akutte situasjonar og raske endringar i pasienttilstand.
- Prioritering og sjølvstendig vurdering i eit tverrfagleg miljø.
- Dokumentasjon og rapportering til dagvakt og behandlande team.
- Bidra til ro, tryggleik og kontinuitet for pasientane i nattperioden.
Kvifor skal du velje oss?
- Stabile og faglig sterke kollegaer.
- Fagleg utvikling, t.d støtte til relevant utdanningar (lunge-, kreft-, palliasjon-, og intensivsjukepleie).
- Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering.
- Høg grad av sjølvstende og ansvar i arbeidet.
- Tilrettelegging for god oppfølging og opplæring for nye nattsjukepleiarar.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar for forsvarleg pasientbehandling.
- Det er ein fordel med relevant sjukehuserfaring.
- Du må vere trygg i faglege vurderingar og avgjerder.
- Du må ha evne til å prioritere arbeidsoppgåver i uforutsette situasjonar.
Ferdigheter
SjukepleieKlinisk observasjonAkuttmedisinPasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidDokumentasjon
Erfaring
mid-level